Rasisme
Rasisme er menneskesyn, politikk eller ideologi som går inn for rasediskriminering, og som med uvitskapleg bruk av raseomgrepet ofte blir nytta til å rettferdiggjera rasehat og underkuing av andre folk og folkeslag.[1]
Forbod mot rasisme
[endre | endre wikiteksten]Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) slår fast at menneskerettane gjeld uavhengig av mellom anna rase.[2] EMK Artikkel 14 har eit forbod mot diskriminering, mellom anna på grunn av rase. [3]
I Noreg er diskriminering på grunnlag av etnisitet, nasjonalt opphav, avstamming eller hudfarge forbode ved lov.[4] Positiv særbehandling for å fremje likestilling er likevel tillatt. Om nokon blir dømd for å ha utøvd grov vald eller grovt skadeverk, vil straffa bli skjerpa dersom brotsverket er rasistisk motivert.[5][6]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Definisjonar frå «rasisme» i Nynorskordboka. 2008 og Norsk Allkunnebok 1959
- ↑ Den europeiske menneskerettskonvensjonen
- ↑ EMK Artikkel 14
- ↑ Diskrimineringslova § 4
- ↑ Straffelova § 232
- ↑ Straffelova § 292
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]«rasisme» i Store norske leksikon, snl.no.