Landhockey
Landhockey er ein lagidrett i hockeyfamilien som blir spelt på mark. Idretten går ut på å slå ein liten ball inn målet til det andre laget, og har funnest i ulike former i fleire hundre og kanskje tilmed fleire tusen år.[1]
Moderne landhockey oppstod på 1800-talet i England og det britiske imperiet. I dag er landhockey ein av dei største ballsportane i verda, og blir spelt i oppimot hundre land. Det er ei olympisk grein både for menn og kvinner. Herrelandslaga frå India og Pakistan dominerte lenge idretten, og landhockey er rekna som nasjonalidrett i begge landa. Frå 1980-talet har laga frå Nederland, Tyskland og Australia vore blant dei sterkaste.
I Noreg er idretten organisert av Norges Bandyforbund og internasjonalt av Det internasjonale hockeyforbundet (FIH).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «History of Field Hockey» Arkivert 2017-07-24 ved Wayback Machine., fieldhockey.isport.com
- Denne artikkelen bygger på «Landhockey» frå Wikipedia på bokmål, den 3. februar 2015.