Bonprix har eit godt og variert utvalg…
Bonprix har eit godt og variert utvalg av varer og du kan finne varer som ikkje andre nettbutikkar har. Kleda er ikkje like sesongbetonte som det som andre nettbutikkar ofte har, så du kan finne igjen favorittane dine over lengre periodar og år, - og dei kjem ofte i nye fargar. Kvaliteten er stort sett god og Bonprix har fått eit større utvalg av varer i naturmateriale (bomull, ull og silke, - noko som er positivt. Størrelsane er stort sett romslege, men det kan variere litt frå vare til vare. Flott at mange kundar legg inn tilbakemelding på varene, då vert det lettare å gjere eit rett valg og det vert færre returar. Alt i alt er eg godt fornøgd med Bonprix.
21. mars 2026
Anmeldelse skrevet uten oppfordring