Porphyrio
Porphyrio | |
Gråhovudsultanhøne i India Foto: J.M. Garg
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Tranefuglar Gruiformes |
Familie: | Riksefamilien Rallidae |
Slekt: | Porphyrio Brisson, 1760 |
Porphyrio er ei biologisk slekt av rikser. Tre av dei ti nolevande Porphyrio-riksene har 'purpurhøne' som fellesnamn på norsk. Purpurhønene har utbreiing i dei varmare strøka i Afrika og Amerika, og sparsamt inn Asia og Europa. Dei andre er dei langt større artane av sultanhøner og takahe. Sultanhøns har utbreiing i Afrika, Iberia, Asia, Australia og Polynesia med tilsaman 6 artar. Takahe er ein fugl utan flygeevne, endemisk for New Zealand.
Fleirtalet av dei opphavlege artane i denne gruppa vart utrydda i holocen, men kvittakahe, som levde på Lord Howe-øya i Australia, vart utrydda av menneske så seint som på 1700-talet eller tidleg 1800-talet.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Fjørdrakta i denne slekta varierer i svart, brunt og iriserande grønt, blått eller lilla. Ofte er vengene farga noko ulikt frå undersida. Berre kvittakahe hadde fjørdrakt i kvitt eller kvitt med blåskjær.
Storleiken varierer frå 33 cm for amerikapurpurhøne til 63 cm for takahe, sistnemnde med eit gjennomsnitt på 2,650 kg i vekt, omtrent som ei gås, og er den største gjenlevande riksa i verda.
Dei fleste artane lever i våtmark og beitar på myrplantar og eller insekt.
Ungane er kledde i svarte dunfjører, dei er sjølvhjelpte og beitar utelukkande på insekt første tida. Seinare kan dei ta planteføde.
Artslista
[endre | endre wikiteksten]Porphyrio-riksene i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2016[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2] Lista er supplert med informasjon frå Norske navn på sultanhønekomplekset, november 2016.[3]
- Afrikapurpurhøne, Porphyrio alleni, Allen's Gallinule, Thomson, 1842, (LC)
- Amerikapurpurhøne, Porphyrio martinicus, Purple Gallinule, Linné, 1766, (LC)
- Bleikpurpurhøne, Porphyrio flavirostris, Azure Gallinule, Gmelin, 1789, (LC)
- Blåsultanhøne, Porphyrio porphyrio, Western Swamphen, Linné, 1758, (LC)
- Svartryggsultanhøne, Porphyrio indicus, Black-backed Swamphen, Horsfield, 1821
- Grønryggsultanhøne, Porphyrio madagascariensis, African Swamphen, Latham, 1801
- Takahe, Porphyrio hochstetteri, South Island Takahe, Meyer, 1883, (EN)
- Brunryggsultanhøne, Porphyrio melanotus, Australasian Swamphen, Temminck , 1820
- Bleiksultanhøne, Porphyrio pulverulentus, Philippine Swamphen, Temminck , 1826
- Gråhovudsultanhøne, Porphyrio poliocephalus, Gray-headed Swamphen, Latham, 1801
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på «Porphyrio» frå Wikipedia på engelsk, og «Purpurhühner» frå Wikipedia på tysk, den 12. august 2012
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2016), eBird/Clements Checklist v2016 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 13. november 2016
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
- ↑ Morten Bergan (NNKF) Norske navn på sultanhønekomplekset Norsk Ornitologisk Forening 22.11.2016, henta 5. desember 2015
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Videoar, bilete og lydopptak av Porphyrio-rikser hos Internet Bird Collection