Salme
Ein salme (frå gresk psalmos, 'song med strengespel') er ein song med religiøst innhald, hovudsakleg innan kristen og jødisk tradisjon. I daglegtale brukar ein «salme» om eit strofisk dikt med slikt innhald som er meint til felles song.[1] Salmar blir særleg framførte i samband med gudstenester i synagogar, kyrkjer og bedehus.
Tekstane kan koma frå Bibelen eller vera skrivne seinare, anten på latin eller på ulike folkespråk.[1] På nordiske språk viser «salme» både til bibelske salmar (frå Salmane) og metriske kyrkjelydssalmar. På tysk skil ein mellom å omtala førstnemnde som «Psalm» og sistnemnde som «Lied», tilsvarande engelsk psalm og hymn og fransk psaume og cantique. I faglspråk kan ein skilja mellom psalmodi (song av bibelske salmar) og hymnodi (song av metriske kyrkjelydssalmar).[1]
Den første salmesamlinga ein kjenner til er Salmane, ei bok i Det gamle testamentet med 150 songar. I dag bruker Den norske kyrkja salmar med melodiar i Norsk Salmebok.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kategori:Salmer på Wikikilden (frie originaltekstar) |