Juli
Utsjånad
Juli er den sjuande månaden i den vestlege kalenderen og har 31 dagar.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Juli er oppkalla etter Julius Cæsar, som var fødd i denne månaden. I år 46 fvt. reformerte han kalenderen ved å legge til 90 dagar, og skapte dermed den julianske kalenderen. Tidlegare heitte månaden quintilis, den femte, sidan han var den femte i kalenderen som tok til i mars.
Månaden var tidlegare kjend som ormemåned i Danmark, hömånad i Sverige, og heinäkuu, som òg viser til høying, i Finland.
Årvisse hendingar i juli
[endre | endre wikiteksten]- 1. juli er Canada Day i Canada.
- 4. juli er sjølvstendedag i USA.
- 14. juli er nasjonaldag i Frankrike.
- 9. juli er sjølvstendedag i Argentina.
- 28. juli er sjølvstendedag i Peru.
- Tour de France blir skipa til denne månaden.
Anna
[endre | endre wikiteksten]- Julirevolusjonen var eit fransk opprør som fann stad i juli 1830.
- Julimonarkiet som innsette Louis Philippe av Frankrike som konge.