Det britiske flagget
Utsjånad
Det britiske flagget, ofte kalla Union Jack eller Union Flag, er blått, kvitt og raudt og er ei samansetning av det engelske flagget, det skotske flagget og eit gammalt irsk flagg med patrikskross. Flagget i si noverande form blei teke i bruk 1. januar 1801, etter at Irland blei innlemma i Storbritannia.
I tillegg til å vere Storbritannia sitt flagg vert det og brukt av fleire land i Det britiske samveldet som offisielt eller halvoffisielt flagg og som ein del av flagga til Australia, New Zealand, Tuvalu, og Fiji.