Daugavpils
Daugavpils | |||||
---|---|---|---|---|---|
Daugavpils i 1912. | |||||
| |||||
Styresmakter | |||||
Land | Latvia | ||||
Grunnlagd | 1275 | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 63,38, 72,37 km² | ||||
Flatevidd - By - Vatn |
72,48 km² 9,75 km² | ||||
Innbyggjarar - By (2016) - folketettleik |
95 467 1 317/km² | ||||
Koordinatar | 55°53′N 26°32′E / 55.883°N 26.533°E | ||||
Diverse anna | |||||
Postnummer | LV-540-LV-5465 | ||||
Telefon-retningsnummer | 54 | ||||
Heimeside: http://www.daugavpils.lv | |||||
Plassering | |||||
Daugavpils er den nest største byen i Latvia etter Riga med om lag 110 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 230 km søraust for hovudstaden Riga, ved breidda av elva Daugava. Daugavpils har ei strategisk plassering på og grensar til både Kviterussland og Litauen, i tillegg til at Russland berre ligg 120 km unna. Byen er omgjeven av mange innsjøar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen si historie byrjar i 1275 då steinborga Dinaburg (Dünaburg) vart bygd av den liviske riddarordenen i landområde som formelt var underlagde Storfyrstedømet Litauen. Som ein del av Det russiske keisardømet vart han kalla Borisoglebsk (1656-1667) og Dvinsk (1893-1920). Byen vart omdøypt til Daugavpils i 1920 då han vart ein del av det sjølvstendige Latvia. Byen var åstad for slaget ved Daugavpils frå 1919 til 1920. Dvinsk var okkupert av Russland i 1940-41 og av nazistane i 1941-44. Jødane i byen gjorde sterk motstand mot tyskarane i denne perioden. Under den kalde krigen låg flybasen Lotsaki 12 km nordaust for byen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Daugavpils» frå Wikipedia på engelsk, den 21. januar 2008.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Informasjonsportal
- Historia til Daugavpils
- Jødisk samfunn Arkivert 2018-08-10 ved Wayback Machine.