Donald Rumsfeld
Donald Rumsfeld | |||
| |||
Fødd | 9. juli 1932 Chicago | ||
---|---|---|---|
Død | 29. juni 2021 (88 år) | ||
Statsborgar av | USA | ||
Parti | Det republikanske partiet i USA | ||
Yrke | politikar, offiser, diplomat, forfattar, forretningsdrivande, embetsmann, Forsvarsminister | ||
Institusjonar | G. D. Searle & Company | ||
Utdanna ved | Princeton University Georgetown University Law Center | ||
Mor | Jeannette Husted | ||
Ektefelle | Joyce Pierson | ||
Alle verv |
|
Donald Henry Rumsfeld (fødd 9. juli 1932) er ein amerikansk politikar. Han var forsvarsminister i USA frå 1975 til 1977 og igjen frå 20. januar 2001 til 18. desember 2006.
Rumsfeld vart fødd i Chicago, med sveitsisk avstamming.[1] Han studerte ved Princeton University, var marineflygar frå 1954 til 1957, og vart deretter vald inn i Representanthuset i USA. Han var NATO-ambassadør for US frå 1973 til 1974. I 1974 vart han stabssjef i Det kvite huset i Washington, D.C., og året etter den yngste forsvarsministeren USA hadde hatt, under president Gerald Ford. Han vart igjen forsvarsminister under George W. Bush i 2001. I 1977 mottok han Presidentens fridomsmedalje av president Jimmy Carter.
Den 8. november 2006 vart det kunngjort at han trekte seg som forsvarsminister som følgje av det dårlege resultatet for Det republikanske partiet ved Kongressvalet. Frustrasjon over tilhøva i Irak vart sett på som ein medverkande grunn til den dårlege valoppslutninga. Han vart etterfølgd av den tidlegare CIA-direktøren Robert Gates.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Bradley Graham, By His Own Rules (2009) s. 16, 31
- Denne artikkelen bygger på «Donald Rumsfeld» frå Wikipedia på bokmål, den 29. september 2018.