Grønlandshavet
Grønlandshavet | |||
hav | |||
Land | Kongeriket Danmark, Noreg | ||
---|---|---|---|
Del av | Polhavet | ||
Grønlandshavet 76°40′08″N 8°10′14″W / 76.668888888889°N 8.1705555555556°W | |||
Grønlandshavet i Norskehavet
| |||
Wikimedia Commons: Greenland Sea |
Grønlandshavet er eit havområde i Nordishavet mellom Grønland, Svalbard, Jan Mayen og Island. I mange samanhengar vert Grønlandshavet rekna som ein del av Norskehavet. Det har eit areal på 465 000 km².
Grønlandshavet er ein arm av Nordishavet og hovudutløpet frå Nordishavet til Atlanterhavet. På grunn av drivis er dei nordlege områda sjeldan opne for skipstrafikk.
Middeldjupet i Grønlandshavet er nær 1 450 m. Det djupaste punktet finn ein i den nordaustlege delen og er på 5 600 m (Molloydjupet).
Mange lågare livsformer i botn av næringskjeda held til i Grønlandshavet. Store virvellause dyr, fiskar (som torsk, sild, uer, kveite og raudspette), fuglar og pattedyr (inkludert selar, kvalar og delfinar) lever alle av dei mindre virvellause dyra og små organismar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Greenland Sea» frå Wikipedia på engelsk, den 9. oktober 2007.