Akustisk musikk
Akustisk musikk viser til musikk der lyden blir spreidd utelukkande eller hovudsakleg ved hjelp av luft i ein resonator eller klangkasse. Han skil seg dermed frå musikk laga med elektriske eller elektroniske hjelpemiddel. Omgrepet blei danna som eit retronym etter oppfinninga av elektriske instrument som elektrisk gitar, bassgitar, el-orgel og synthesizer.[1]
Mange musikkinstrument finst både i «akustiske» og elektriske utgåver, som (akustisk) gitar og elektrisk gitar. Ofte kan ein bruka elektroniske forsterkarar også i akustisk musikk, men denne er separat frå instrumentet, som dannar sjølve lyden.
Det aller meste av musikk laga fram til 1900-talet var akustisk. I dag er typen særleg vanleg innan visse sjangrar, som tradisjonell folkemusikk, klassisk musikk, visemusikk og countrymusikk.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Acoustic Music» frå Wikipedia på engelsk, og «Akustisk musik» frå Wikipedia på svensk den 5. august 2009.
- Montagu, Jeremy (2002), «acoustic», i Alison Latham, The Oxford Companion to Music., Oxford University Press
- ↑ Engelsk Wikipedia oppgav Safire, William, «On Language: Retronym», New York Times Magazine, January 7, 2007