CHOBA B CCCP
Снова в СССР Studioalbum av Paul McCartney | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 31. oktober 1988 | |
Innspelt | 20–21. juli 1987 | |
Studio | Hog Hill i Sussex | |
Sjanger | Rock and roll | |
Lengd | 47:54 | |
Selskap | Melodija (Μелодия) | |
Produsent | Paul McCartney | |
Paul McCartney-kronologi | ||
---|---|---|
All the Best! (1987) |
Снова в СССР | Flowers in the Dirt (1989)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Encyclopedia of Popular Music | [2] |
The Essential Rock Diskografi | 4/10[3] |
MusicHound | [4] |
The Rolling Stone Album Guide | [5] |
Снова в СССР (transkribert Snova v SSSR, som tyder Attende i USSR igjen); òg kjend som The Russian Album) er det sjuande studioalbumet til Paul McCartney under hans eige namn, opphavleg gjeve ut i 1988 i Sovjetunionen. Albumet består berre av coverversjonar, hovudsakleg gamle rock and roll-songar (liknande John Lennon sitt Rock 'n' Roll frå 1975). Med ein ekstra song i tillegg kom det ut internasjonalt i 1991.
Bakgrunn og innspeling
[endre | endre wikiteksten]Etter den dårlege mottakinga av det førre albumet hans, Press to Play i 1986, brukte McCartney det første halve året av 1987 på å planleggje det nye albumet sitt. I mars spelte han inn nok songar til eit album med produsenten Phil Ramone, men dette resulterte berre i singelen «Once Upon a Long Ago» med B-sida «Back on My Feet», som berre kom ut i Storbritannia i november det året.[6]
Etter ei rekkje jammar med forskjellige britiske musikarar, der dei spelte somme av favorittsongane hans frå 1950-åra, valde McCartney å spele desse songane live i studio. I løpet av to dagar i juli 1987, spelte McCartney inn tjue songar.[7]
Andre songar som vart spelte inn desse dagane, men som ikkje kom med på Melodija-albumet var «I'm in Love Again» (som kom på den seinare internasjonale utgåva) og «I Wanna Cry» (ein original song) som vart B-sida til McCartney-singelen «This One» i 1989, i tillegg til «It's Now or Never» på New Musical Express-albumet The Last Temptation of Elvis i 1990.[8] Ein versjon av Beatles-songen «I Saw Her Standing There» vart òg spelt inn men ikkje gjeven ut.[9]
Albumtittelen og omslaget
[endre | endre wikiteksten]Tittelen «Снова в СССР» er russisk for «Back in the U.S.S.R.», namnet på ein Beatles-song frå 1968.[10] Albumet er òg blitt kalla Back in the USSR og Russian Album.[10]
Plateomslaget vart designa av Michael Ross.[11] Den russiske utgåva inneheld notat skrivne av Roy Carr frå New Musical Express, omsett til russisk.[8]
Utgjeving
[endre | endre wikiteksten]Albumet kom ut i Sovjetunionen den 31. oktober 1988. Det første opplaget med 11 songar på 50 000 eksemplar vart raskt utseld. Ei ny utgåve med fleire songar kom ein månad seinare.
Kort tid etter utgjevinga byrja albumet å dukke opp for sal utafor Sovjetunionen til prisar frå 100 til 250 amerikanske dollar i USA og opp til 500 pund i Storbritannia.[7] Albumet vart omsider gjeve ut internasjonalt i 1991 og nådde då 63. plassen i Storbritannia og 109. plassen i USA. Tittelen vart då feilskrive СНОВА Б СССР (Б er i det kyrilliske alfabetet ein B i det latinske alfabetet, medan ein B er ein V).
Sjølv om albumet ikkje kom ut på den vestlege marknaden i starten, vart over halvparten av songane gjevne ut som B-sider til singlar frå 1987 til 1989: «Midnight Special», «Don't Get Around Much Anymore», «Lawdy Miss Clawdy» og «Kansas City» kom ut på forskjellige utgåver av «Once Upon a Long Ago», «I'm Gonna Be a Wheel Someday» og «Ain't That a Shame» på «My Brave Face» og den redigerte versjonen av «I'm in Love Again» på «This One»-singelen.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]- 11-sporsutgåva
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Kansas City» | Jerry Leiber, Mike Stoller | 4:02 |
2. | «Twenty Flight Rock» | Eddie Cochran, Ned Fairchild | 3:03 |
3. | «Lawdy, Miss Clawdy» | Lloyd Price | 3:17 |
4. | «Bring It On Home to Me» | Sam Cooke | 3:14 |
5. | «Lucille» | Richard Penniman, Albert Collins | 3:13 |
6. | «Don't Get Around Much Anymore» | Duke Ellington, Bob Russell | 2:51 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «That's All Right Mama» | Arthur Crudup | 3:47 |
8. | «Ain't That a Shame» | Fats Domino, Dave Bartholomew | 3:43 |
9. | «Crackin' Up» | Ellas McDaniel | 3:55 |
10. | «Just Because» | Bob Shelton, Joe Shelton, Sydney Robin | 3:34 |
11. | «Midnight Special» | Traditional; arranged by Paul McCartney | 3:59 |
- 13-spors-utgåva
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Kansas City» | Jerry Leiber, Mike Stoller | 4:02 |
2. | «Twenty Flight Rock» | Eddie Cochran, Ned Fairchild | 3:03 |
3. | «Lawdy, Miss Clawdy» | Lloyd Price | 3:17 |
4. | «Bring It On Home to Me» | Sam Cooke | 3:14 |
5. | «Lucille» | Richard Penniman, Albert Collins | 3:13 |
6. | «Don't Get Around Much Anymore» | Duke Ellington, Bob Russell | 2:51 |
7. | «I'm Gonna Be a Wheel Someday» | Fats Domino, Dave Bartholomew, Roy Hayes | 4:12 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
8. | «That's All Right (Mama)» | Arthur Crudup | 3:47 |
9. | «Summertime» | George Gershwin, DuBose Heyward, Ira Gershwin | 4:57 |
10. | «Ain't That a Shame» | Fats Domino, Dave Bartholomew | 3:43 |
11. | «Crackin' Up» | Ellas McDaniel | 3:55 |
12. | «Just Because» | Bob Shelton, Joe Shelton, Sydney Robin | 3:34 |
13. | «Midnight Special» | Trad. arr. Paul McCartney | 3:59 |
- CD-utgåve
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Kansas City» | Jerry Leiber, Mike Stoller | 4:02 |
2. | «Twenty Flight Rock» | Eddie Cochran, Ned Fairchild | 3:03 |
3. | «Lawdy, Miss Clawdy» | Lloyd Price | 3:17 |
4. | «I'm in Love Again» (Bonusspor på den internasjonale i 1991) | Fats Domino, Dave Bartholomew | 2:58 |
5. | «Bring It On Home to Me» | Sam Cooke | 3:14 |
6. | «Lucille» | Richard Penniman, Albert Collins | 3:13 |
7. | «Don't Get Around Much Anymore» | Duke Ellington, Bob Russell | 2:51 |
8. | «I'm Gonna Be a Wheel Someday» | Fats Domino, Dave Bartholomew, Roy Hayes | 4:12 |
9. | «That's All Right Mama» | Arthur Crudup | 3:47 |
10. | «Summertime» | George Gershwin, DuBose Heyward, Ira Gershwin | 4:57 |
11. | «Ain't That a Shame» | Fats Domino, Dave Bartholomew | 3:43 |
12. | «Crackin' Up» | Ellas McDaniel | 3:55 |
13. | «Just Because» | Bob Shelton, Joe Shelton, Sydney Robin | 3:34 |
14. | «Midnight Special» | Trad. arr. av Paul McCartney | 3:59 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- 20. juli
- Paul McCartney – bassgitar, vokal
- Mick Green – gitar
- Mick Gallagher – piano
- Chris Whitten – trommer
- 21. juli
- Paul McCartney – gitar, vokal
- Nick Garvey – bassgitar, korvokal
- Henry Spinetti – trommer
- Mick Gallagher – klaverinstrument
Salslister
[endre | endre wikiteksten]År | Land | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1991 | Japan | Oricon-lista (Topp 100)[12] | 48 |
Storbritannia | UK Albums Chart (Topp 75)[13] | 63 | |
USA | The Billboard 200[14] | 109 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «CHOBA B CCCP» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mai 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Ruhlmann, William. «Choba B CCCP – Paul McCartney : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 23. mai 2018.
- ↑ Larkin, Colin (2006). The Encyclopedia of Popular Music (4th edn). New York, NY: Oxford University Press. s. 1257. ISBN 0-19-531373-9.
- ↑ Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Diskografi. Edinburgh, UK: Canongate. s. 696. ISBN 978-1-84195-827-9.
- ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 730. ISBN 1-57859-061-2.
- ↑ Randall, Mac; Brackett, Nathan; Hoard, Christian (eds) (2004). The New Rolling Stone Album Guide (4th edn). New York, NY: Simon & Schuster. s. 526. ISBN 0-7432-0169-8.
- ↑ Perasi, Luca. Paul McCartney: Recording Sessions (1969–2013 (2013) s. 263
- ↑ 7,0 7,1 Kozinn, Allan. «Smuggling Pop LP's Out of the U.S.S.R., Thanks to McCartney» New York Times 12. januar 1989: C19
- ↑ 8,0 8,1 Calkin, Graham. «Choba B CCCP». Jpgr.co.uk. Henta 23. mai 2018.
- ↑ Weiner, Allen. The Beatles: The Ultimate Recording Guide (1992) s. 250
- ↑ 10,0 10,1 Womack, Kenneth (2014). The Beatles Encyclopedia, Volume 2. ABC-CLIO. s. 846. ISBN 0313391726.
- ↑ CHOBA B CCCP (Album cover). Paul McCartney. Melodiya. 1988.
- ↑ «Paul McCartney Japanese Album Chart listings». Original Confidence. Arkivert frå originalen 29. mars 2012. Henta 18. april 2011.
- ↑ «Paul McCartney UK Album Chart listings». UK Albums Chart. Arkivert frå originalen 30. mars 2012. Henta 18. april 2011.
- ↑ «Paul McCartney – Chart history: Billboard 200». Billboard. Henta 23. mai 2018.