1941
Utsjånad
1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
1941 (romartal MCMXLI) var det andre året i 1940-åra. I den pågåande andre verdskrigen vart både Sovjetunionen og Sambandsstatane (USA) utsette for åtak, med dette vert dei dregne med i krigen.
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Utlandet
[endre | endre wikiteksten]- Våren: Slaget om Atlanterhavet på det verste, tyske ubåtar herja.
- Italia trekte seg ut av Etiopia etter ein okkupasjon som hadde vart sidan 1935.
- 17. mai: Slaget om Kreta.
- 27. mai: Det tyske slagskipet Bismarck vart senka av engelske styrkar 500 nautiske mil vest av Brest i Frankrike.
- 22. juni: «Operasjon Barbarossa». Tyskland gjekk til åtak på Sovjetunionen.
- 11. august: Winston Churchill og Franklin D. Roosevelt underteikna Atlanterhavserklæringa.
- 7. desember: Åtaket på Pearl Harbor. Japan gjekk til åtak på USA.
- Canada: Massey Harris starta produksjon av sjølvgåande skurtreskarar.
- Ultimo desember: Tyskland tok i bruk gassvognar for å drepe sigøynarar
Noreg
[endre | endre wikiteksten]- 31. januar: Regiment Nordland avla eid for Heinrich Himmler i Oslo.
- 6. februar: Biskopane sende ut hyrdebrev til kyrkjelydane i landet der dei protesterte mot valdsbruk og maktmisbruk frå Hirda og okkupasjonsmakta og mot inngrep i taushetsplikta til prestane.
- 4. mars: Fyrste britiske raid mot Lofoten.
- 3. april: 22 organisasjonar sende protest til Josef Terboven.
- 19. juli : Mjølkerasjonering innført.
- 10.: 16. september: Unntakstilstand i Oslo. Viggo Hansteen og Rolf Wickstrøm skotne
- 10. september: Inndraginga av radioapparata vart fullført.
- 25. september: Josef Terboven peika ut sine kommissariske statsrådar. Administrasjonsrådet gjekk av.
- 20. november: London-regjeringa anerkjende motstandsrørsla Milorg.
- 26. desember: Britisk raid mot Lofoten.
- 27. desember: Måløyraidet. Britisk raid mot Vågsøy og Måløy.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Fødde i 1941.
- 21. januar: Plácido Domingo, spansk songar
- 24. januar: Neil Diamond, USA-amerikansk songar
- 20. mars: Atle Kittang, norsk litteraturvitar
- 25. mars: Gudmund Hernes, norsk sosiolog og politikar
- 26. mars: Richard Dawkins, britisk biolog
- 23. april: Paavo Lipponen, finsk statsminister
- 24. mai: Bob Dylan, USA-amerikansk songskrivar og songar
- 5. juni: Gjermund Eggen, norsk langrennar
- 20. juni: Odd Bondevik, norsk biskop
- 16. juli: Dag Solstad, norsk forfattar
- 14. august: David Crosby, USA-amerikansk musikar og låtskrivar
- 20. august: Slobodan Milošević, jugoslavisk-serbisk statsminister
- 31. august: Knut Faldbakken, norsk forfattar
- 11. oktober: Lester Bowie, USA-amerikansk musikar
- 13. oktober: Paul Simon, USA-amerikansk låtskrivar og songar
- 30. oktober: Theodor Hänsch tysk fysikar
- 31. desember: Alex Ferguson, britisk fotballtrenar
Døde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Døde i 1941.
- 4. januar: Henri Bergson, fransk filosof og nobelprisvinnar
- 8. januar: Robert Baden-Powell, grunnleggar av speidarrørsla
- 11. januar: Emanuel Lasker, tysk sjakkspelar
- 13. januar: James Joyce, irsk forfattar
- 15. mars: Aleksej von Jawlensky, russisk målar
- 28. mars: Virginia Woolf, britisk forfattar
- 11. mai: Ole Gabriel Kverneland, norsk industrireisar
- 4. juni : Vilhelm II av Tyskland, tysk statsleiar
- 7. august: Rabindranath Tagore, indisk forfattar og nobelprisvinnar
- 25. oktober: Robert Delaunay, fransk målar
- 15. november: Fredrik Stang d.y., norsk jurist og politikar
- 18. november: Walther Nernst, tysk kjemikar og nobelprisvinnar
- 3. desember: Christian Sinding, norsk komponist
- 27. desember: Martin Linge, norsk skodespelar og soldat. Fall i Måløyraidet.
- 30. desember: El Lisitskij, sovjet-russisk målar
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>