Månen
Månen er den naturlege satellitten til jorda, synleg frå alle stader på jorda. Han er 3 476,2 km i diameter, om lag ¼ av Jorda. Dette er ein uvanleg stor satellitt/planet-proporsjon, og gjer at Månen har merkbar påverknad på rørsla til Jorda, og ikkje minst på tidevatnet i havet.
Månen sett frå Jorda | |||||||
Baneparametrar | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Store halvakse | 384 400 km (0,0026 AE) | ||||||
Banens omkrins | 2 413 402 km (0,016 AE) | ||||||
Eksentrisitet | 0,0554 | ||||||
Perigeum | 363 104 km (0,0024 AE) | ||||||
Apogeum | 405 696 km (0,0027 AE) | ||||||
Omløpsperiode | 27,321661 døgn (27 d 7 t 43,2 min) | ||||||
Synodisk periode | 29,530588 d (29 d 12 t 44,0 min) | ||||||
Gjennomsnittleg banefart | 1,022 km/s | ||||||
Maks. banefart | 1,082 km/s | ||||||
Min. banefart | 0,968 km/s | ||||||
Banehelling | varierer mellom 28,60° og 18,30° (5,145396° til ekliptikken) | ||||||
Er ein naturleg satellitt til | Jorda | ||||||
Fysiske eigenskapar | |||||||
Diameter ved ekvator | 3 476,2 km [1] (0,273 av Jordas) | ||||||
Diameter over polane | 3 472,0 km (0,273 av Jordas) | ||||||
Flattryktheit | 0,0012 | ||||||
Overflateareal | 3,793·107 km2 (0,074 av Jordas) | ||||||
Volum | 2,197·1010 km3 (0,020 av Jordas) | ||||||
Masse | 7,347673·1022 kg (0,0123 av Jordas) | ||||||
Snitt tettleik | 3,344 g/cm3 | ||||||
Ekvatorial tyngdekraft | 1,622 m/s2 (0,1654 g) | ||||||
Unnsleppingsfart | 2,38 km/s | ||||||
Rotasjonsperiode | 27,321661 døgn (bunden rotasjon) | ||||||
Rotasjonsfart | 16,655 km/h (ved ekvator) | ||||||
Aksehelling | variere mellom 3,60° og 6,69° (1,5424° til ekliptikken) | ||||||
Rektasensjon av nordpolen |
266,8577° (17 t 47 min 26 s) | ||||||
Deklinasjon | 65,6411° | ||||||
Albedo (refleksjonsevne) | 0,12 | ||||||
Storleiksklasse | -12,74 | ||||||
Overflatetemp. |
| ||||||
Skorpesamansetting | |||||||
Oksygen | 43% | ||||||
Silisium | 21% | ||||||
Aluminium | 10% | ||||||
Kalsium | 9% | ||||||
Jern | 9% | ||||||
Magnesium | 5% | ||||||
Titan | 2% | ||||||
Nikkel | 0,6% | ||||||
Natrium | 0,3% | ||||||
Krom | 0,2% | ||||||
Kalium | 0,1% | ||||||
Mangan | 0,1% | ||||||
Svovel | 0,1% | ||||||
Fosfor | 500 ppm | ||||||
Karbon | 100 ppm | ||||||
Nitrogen | 100 ppm | ||||||
Hydrogen | 50 ppm | ||||||
Helium | 20 ppm | ||||||
Atmosfærisk samansetting | |||||||
Atmosfærisk trykk | 3·10-13kPa | ||||||
Helium | 25% | ||||||
Neon | 25% | ||||||
Hydrogen | 23% | ||||||
Argon | 20% | ||||||
Metan | spor | ||||||
Ammoniakk | spor | ||||||
Karbondioksid | spor |
Den tida månen brukar på eitt omløp rundt jorda, er konstant (29 ½ døger), og dette har menneskje til alle tider brukt som ein praktisk målestokk for tidsrekning. Ordet månad er difor direkte avleidd av «måne». Månen har også gjeve namn til mellom anna måndag, månesjuke og menstruasjon. Han er viktig i fleire religionar, både som guddom (til dømes den norrøne guden Måne) og teikn (til dømes for islam og hindukalenderar).
Middelavstanden frå sentrum av månen til sentrum av jorda er 384 403 km. Mellom 1969 og 1972 vart det frå USA sendt fleire romskip med amerikanske astronautar til månen. 20. juli 1969 vart Neil Armstrong og Buzz Aldrin dei første menneska på månen.
Opphav
endreKorleis månen oppstod er eit omstridd tema. Med 1/81 av massen til jorda, skil månen seg frå dei andre månane i solsystemet (utanom Charon) ved eit usedvanleg høgt måne/planet-massetilhøve. Systemet jorda–månen kan difor oppfattast som ein dobbeltplanet.
Ein teori går ut på at både jorda og månen er danna ved at partiklar i jordbanen har klistra seg saman og gradvis bygt opp lekamane. Ein annan teori hevdar at månen kom frå ein annan stad i solsystemet og vart innfanga av jorda. Den første teorien har ikkje fullgod forklaring på kvifor månen avvik så mye frå jorda i tettleik og samansetnad, medan innfangningsteorien passar dårleg med den neste sirkelrunde banen til månen. Ein tredje teori, som no har størst tilslutting, postulerer at eit stort objekt, ein planet med storleiken til Mars, streifa Jorda i den tidlege, fluide fasen til jorda og rev med seg ei tunge av gass og partiklar, som sidan kondenserte til månen. Dette kan forklare kvifor ein finn både likskapar og ulikskapar mellom overflatematerialen på jorda og månen.
Bane
endreMånen går i ein elliptisk bane kring jorda i ein avstand på kring 384 403 km, eller rundt 60 jordradiar. Avstanden varierer noko og den største avstanden er 406 700 og den minste 356 400 km. Den midlare inklinasjonen til banen med ekliptikken er 5° 8,7ʹ. Omlaupstida til månen er i snitt 27 1/3 dag, som òg vert kalla ein siderisk månad.
Teorien for rørsla til månen er av dei vanskelegaste problema i himmelmekanikken. Rørsla blir forstyrra av tiltrekkinga til sola, og månen er så nær jorda at ein ved utrekningar må ta omsyn til flattrykkinga og massefordelinga til jorda. Månebanen ligg difor ikkje fast i rommet, og rørsla til månen er underkasta periodiske uregelmessigheiter. Knutelinja går tilbake 360° på 18,6 år, apsidelinja går fram 360° på 8,85 år. Dei viktigaste periodiske uregelmessigheitene er eveksjonen og variasjonen.
Fysiske eigenskapar
endreTyngdekrafta på måneoverflata er berre 17 % av tyngdekrafta på jorda. Månen har ingen permanent atmosfære, men ein uhyre tynn, flyktig atmosfære, noka tilsvarande eksosfæren til jorda. Ein trur at denne tynne atmosfæren skuldast utgassing frå det indre av månen, fordamping av meteorittar og tilførsel frå solvinden. Lufttrykket er berre omkring éin hundre milliarddel av atmosfæretrykket ved jordoverflata. Det er påvist hydrogen, helium, neon og argon. Argon vert danna radioaktivt, medan dei øvrige gassane kjem av solvinden.
Månen sett frå jorda
endreMånen er synleg frå jorda fordi han reflekterer lyset frå sola. Han har såkalla bunden rotasjon, som vil sei at han alltid vender same side mot jorda. På grunn av eksentrisiteten til banen og hellinga til rotasjonsaksen med banenormalen, vil ein kunne sjå 59 % av overflata til månen frå jorda.
Det ser ut som månen voggar litt fram og tilbake i løpet av ein månad. Det skuldast at banefarten varierer medan rotasjonsfarten om eigen akse er konstant. Denne effekten vert kalla librasjon.
Stundom kjem månen inn i skuggen til jorda og formørkar månen. Dette vert kalla måneformørking.
Månefase
endreTilhøvet mellom den opplyste delen av måneskiva og heile måneskiva vert kalla ein månefase. Ved nymåne er måneskiva mørk og ved fullmåne er han heilt opplyst. I første og siste kvarter er høvesvis høgre og venstre halvdel av måneskiva opplyst. Tida mellom desse fire hovudfasane er 7,3 døgn i gjennomsnitt, men kan variera mellom 6,5 og 8,2 døgn på grunn av eksentrisiteten til månebanen og skrå stilling i tilhøve til ekliptikken. Tidsintervallet frå nymåne til påfølgjande nymåne vert kalla lunasjon. Lengda på lunasjonane er ein synodisk månad, 29,5306 døgn.
Eit døgn på månen, månedøgn, er ein synodisk månad, slik at både dag og natt vert ca. 14 jorddøgn.
Geologi
endreDen låge tettleiken og seismiske målingar har vist at månen må vera nokså homogen med ein fast, metallfattig kjerne. Ein særs svak remanent magnetisme på månen i dag tyder likevel på at han ein gong må ha hatt ein flytande kjerne og eit sterkare magnetfelt.
Månelandskapet liknar mykje på ein ørken med fjell, bortsett frå at dei fleste fjella er kraterrender frå eit utal meteorittnedslag.
Ved fullmåne vil ein med det blotta auge kunne sjå lyse og mørke område på månen. Frå gammalt av har dei mørke områda vorte kalla hav, mare. Denne nemninga er vorten halden på trass i at det lenge har vore kjent at månen er heilt tørr. Med unntak av Mare Crisium, heng hava saman og er omgjeve av lyse fjellområde, som dekkjer 2/3 av framsida og går opp i 5 500 meter høgd. Ein kan òg sjå fleire av kratera, særskild Tycho og Kepler, med nokre lyse striper, som strålar ut i alle retningar. Dette tyder at på kratera skuldast nedslag av kometkjernar. I ein kikkert vil ein òg kunna sjå ei mengd ringforma danningar, ringfjell. Det finst over 300 000 ringfjell med diametrar over 1 km, medan dei største har diametrar på vel 200 km. Nesten alle er nedslagskrater etter meteoroidar, asteroidar eller kometar og er ikkje av vulkansk opphav. Dei største ringfjella har sentralfjell, som er karakteristisk for nedslagskrater over ein viss storleik, der deler av kraterkanten vil rase inn mot midten etter samanstøyten. Havområda er nesten fri for krater fordi dei vart danna ved utstrømming av lava etter at det meste intense bombardementet frå rommet hadde opphøyrt.
Månen har òg andre interessante overflateformasjonar:
- dalar som er gjennomskjeringar av fjellkjeder
- riller, forholdsvis grunne kløfter, nokre hundre kilometer lange, nokre kilometer breie og nokre hundre meter djupe
- domar, kuppelforma danningar med diameter på 2-3 kilometer og høgd på eit par hundre meter
- klipper
Astronautane sine fotavtrykk på månen vitnar om at berggrunnen er dekt av lausmasser (regolitt), som har vorte danna ved forvitring av fjellgrunnen på grunn av ekstreme temperatursvingingar.
Baksida av månen vart fotografert første gong av den sovjetiske romsonden Luna 3 i 1959 . Denne sidan er dekt av eit nesten samanhengande, lyst fjellområde med særs mange ringfjell.
Temperaturen på dagsida kan koma opp i ca. 130 °C fordi sollyset ikkje vert veikt av ein atmosfære. På nattsida kjem temperaturen ned i ca. –150 °C.
Utforsking
endre20. juli 1969 landa dei første astronautane på månen. Dei utførte fleire vitskapelege målingar og tok månestøv attende til jorda. Ei rekkje umanna sovjetiske og amerikanske romsondar har òg bidrege til utforskinga av månen.
Namn på månen
endreI 1651 vart Almagestum Novum, skriven av den italienske astronomen J. B. Riccioli, gjeven ut. Det inneheld eit kart over månen med namn på mange av formasjonane. Namnereglane som Riccioli nytta i dette verket danna grunnlaget for den noverande nomenklaturen for månen og over 200 av namna hans er framleis i bruk på månen i dag. Riccioli baserte kartet sitt på eldre månekart av J. Hevelius og M. Langrenius, der dei mørke slettene vart kalla hav (mare), i tillegg til namn som sjøar, bukter og sumper. Namna er symbolske som til dømes Mare Frigoris (Kuldehavet), Lacus Mortis (Dødehavet), Sinus Iridium (Regnbogebukta) og Palus Putredinis (Forråtningsumpa). Dei fleste fjella på månen vart kalla opp etter fjell på jorda og dei fleste kratera eller ringfjella er kalla opp etter kjende folk, hovudsakleg astronomar.
I 1935 kom gav månekommisjonen til International Astronomical Union (IAU) ut Named Lunar Formation: Catalogue and Map, som gir register over alle godkjende namn på måneformasjonar. I 1961 kom dei første bielta frå baksida av månen, og lista vart utvida med 17 nye namn. I 1964 vart det lagt til over 60 nye namn på formasjon på framsida, og i 1970 ei liste på over 500 nye namn. Fleire av formasjonane på månen er kalla opp etter nordmenn,
Symbol
endreAstronomisk symbol for månen er ein stilisert halvåmne ( ).
Kjelder
endre- «månen», Store norske leksikon, 2012, 30. november, henta 13. august 2014
- Ringnes, Truls. (30. november 2012). http://snl.no/M%C3%A5nen%2Fm%C3%A5nenomenklatur Månen: månenomenklatur. I Store norske leksikon. Henta 13. august 2014.
Bakgrunnsstoff
endre- Dei ni planetane (Universitetet i Oslo)
- Månefasekalkulator Arkivert 2006-02-18 ved Wayback Machine.
- Visuell månefasekalkulator
Solsystemet |
---|
Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris |
planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen |
smålekamar: meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNO-ar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oortskya) |
Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet |