Art
Arten (latin species) er ei av dei mest grunnleggjande einingane inna biologisk systematikk. Ein art er ei gruppe liknande individ og blir gjerne definert som organismar som kan formeira seg med kvarandre og få forplantingsdyktig avkom.
Eit levande vesen høyrer til ein, og berre ein art. Denne har eit særskild vitskapleg namn sett saman av slektnamnet og det særeigne artsnamnet. Mennesket har til dømes artsnamnet Homo sapiens, der Homo viser til heile slekta av menneskeliknande menneskeapar som har eksistert tidlegare, medan sapiens berre viser til menneskja.
Definisjon
endreOpphavleg var ein art definert som ei gruppe organismar som var like. Dette skapte problem, ettersom det alltid vil finnast variasjonar innan ein art. Det finst òg mange døme på at hoer og hannar ser heilt ulike ut. I tillegg kan populasjonar som ikkje er i slekt i det heile tatt likna på kvarandre.
Omgrepet art har vore heftig diskutert gjennom tidene, og det er framleis sterk usemje og diskusjonar kring kva kriterium ein skal leggje til grunn for omgrepet. Usemja synes så stor at det er lite truleg at ein nokon sinne vil komme fram til ein definisjon som er universell for alle organismar, inkludert hybridar, polyploidar og asexuelle organismar.
Definisjonen av ein art som organismar som kan få forplantingsdyktig avkom saman blei først lagt fram av Ernst Mayr i 1942. Dette er det biologiske artsomgrepet. Denne definisjonen er ein av dei som er brukt i dag, men han er òg problematisk. For det første gjeld han berre for kjønna formeiring. For organismar som reproduserer seg utan kjønn er ikkje art definert i dette artsomgrepet. For det andre kan kryssingar skje mellom svært ulike organismar under særskilde høve; nokre av desse hybridane kan forplanta seg vidare. Eit døme på dette er kryssinga av tiur og orrfugl; rakkelhøns.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Art» frå Wikipedia på dansk, og «Species» frå Wikipedia på engelsk den 30. januar 2006.